Om Solveig

Solveig Johanne Håvik Grønstøl (1978) er utdanna lærar, med fordjupning i mellom anna nordisk språk og litteratur. Ho har skrive tre bøker, gitt ut ein CD med eigen musikk og vore tekstforfattar for scenekunst. Ho er oppvaksen i Ytre Nordfjord og på Stord, og har hjarta sitt djupt forankra i det vestnorske landskapet. No bur ho på Bømlo, er gift og har tre vaksne barn. 

Dikta hennar har dei seinare åra funne veg til fleire utgjevingar, både antologiar, tidsskrift og fagbøker, og vert brukt i gravferder, vigslar, i behandling og rehabilitering, for å nemna noko. No kjem ho med si tredje bok, Det lettar snart, som er illustrert med eigne foto. 

Dikta i Det lettar snart utforskar relasjonar og plukkar opp kjensler, stemningar og fargar i mellommenneskelege forhold, i natur og landskap, og set desse opp mot kvarandre og sidan av kvarandre. 

Solveig delar tekst og foto på Facebook under namnet Kvild – Solveig Johanne Grønstøl og på Instagram @solveiggr. 

 


Prosjekt

Tilfluktsstad. CD. Tekstforfattar og komponist. Prokla Media forlag. 2008.
Kvild. Kortprosa. Eige forlag. 2015.
Når dagane ikkje finst. Dikt. Tekst forlag. 2021.
LAND. Tekstforfattar for scenekunst. Anna-Lise Marie Dance/Moster 2024. Moster Amfi 2022.
Det lettar snart. Dikt. Kvild forlag. 2023.